Stort havbrukssenter på liten skule
Den er liten og skulle eigentleg vore død. Men for fem år sidan blei Rygjabø vidaregåande skole redda i siste liten. Nå er all fiskeriutdanning i Rogaland samla på Finnøy. Og det nedlagte meieriet på Judaberg luktar ikkje lenger gräddost, men fisk. Tekst: Tor Øyvind Skeiseid, Foto: Leif Jarle Vangen
23. mai 2003 erklærte statssekretær Janne Johnsen (H) i Fiskeridepartementet Rygjabø Fiskerifaglege Senter for opna. Hausten 1999 gjorde den same Johnsen det ho kunne for å overtyda sine fylkesutvalskollegaer om at nå var det på tide å lukka Rygjabø vgs for godt. I fjor var ho glad ho ikkje fekk fleirtalet med seg.
- Me splittar piggvaren. Dei største skal i eitt kar med oppvarma vatn, dei minste i eit mindre kar med vanleg sjøtemperatur, forklarar Mattis Tangeraas.
Mattis er 17 år frå Sauda. Tre månader etter at Fiskerifagleg Senter blei opna, kom han til Rygjabø som ny elev på grunnkurs Naturbruk. Nå går han i 2. klasse, på VK1 Akvakultur. Flyndrefisken piggvar er ein av mange typar fisk som blir ala opp i Rygjabø sitt topp moderne fiskerisenter. Og ettersom piggvaren helst trivst i Middelhavsområda, er det ikkje rart at dei største nå skal få oppvarma vatn.
- Dei største er om lag halvannan til to kilo. Me slaktar dei når dei nærmar seg tre kilo. Så med 20 graders vatn og gode vekstforhold, kan det bli jule-piggvar, fortel faglærar Sven Harald Bryne og ser til at Mattis og klassekameratane skil ut rett fisk i rett kar.
- Enten går eg ut i lære etter dette året og blir oppdrettsrøktar. Eller så tar eg allmenn påbygging og går vidare på universitet. Marinbiolog freistar også, seier Mattis Tangeraas og håvar opp ein ny sprellande og ru piggvar.
- Skal bli best i landet
- Rygjabø vidaregåande skole skal bli best på havbruksutdanning i Norge!
Rektor Magnus Mathisen er tydeleg når han snakkar om skulen sin visjon. Men han tør å ha høge mål. Då han overtok som rektor i 1997 hadde skulen 30 primærsøkjarar og var eit populært samtaleemne når fylkespolitikarane diskuterte kva skular som burde leggjast ned. Etter livreddinga i 1999 har det meste snudd.
- Me er ein skule med 100 elevar, og då snakkar me om 100 primærsøkjarar. Vel 40 av desse har hovudbasen på Fiskerifagleg Senter. Dei andre held i hovudsak til i det gamle skulebygget like ved, fortel Mathisen, som draumar om å samla heile skulen i senteret langs sjøsida.
Ironisk nok var det ei anna avvikling som førte til Rygjabø sin framgang. Samstundes med at Rygjabø blei redda (november 99) bestemte Tine Meieriet seg for å leggja ned meieriet på Finnøy. Tre og eit halvt år og 21 millionar kroner seinare var meieriet gjort om til eit senter for fiskeri- og havbruk. Så nå går dei her, dei som skal jobba på oppdrettsanlegg, på fiskebåtar, i forskingsmiljø og framtidige kapteinar. Og sjølvsagt fiskehandlarane.

Sjølvstendige lærlingar
- I dag har me fersk makrell, breiflabb, sjøtunge, kvalbiff, fiskekaker, torsk, røykelaks og hoki!
- Hoki?
- Ja det er nydeleg steikefisk frå Stillehavet.
Hallgeir Lindland presenterer stolt fram utvalet i fiskebutikken.
- Og få med at me har den beste røykelaksen i verda, legg han til.
Ikkje rart, Hallgeir har røykt laksen sjølv. Hallgeir er saman med Knut Eirik Mjølhus lærlingar ved Rygjabø vidaregåande skole. Ikkje verst; først elev og så lærling ved same skule. Etter hotell- og næringsmiddelfag har dei vald fiskeindustridelen i det såkalla VK 1 Matfag. Hallgeir (19 år) har eitt år igjen av læretida, Knut Eirik (20) hadde sin siste arbeidsdag nå i september. Då tok han nemleg fagprøven.
- Eg hadde fiskeindustri i skulebygningen på Rygjabø. Men kvardagen blei ein heilt annan etter at senteret stod ferdig. Fasilitetane er vesentleg betre her, skryt Knut Eirik.
Fire dagar i veka har Finnøybuen og andre høve til å kjøpa ferske fiskeprodukt i butikken. Og det er lærlingane Hallgeir og Knut Eirik som styrer heile butikken. Joda, oppfølging er det. Men samanlikna med andre lærlingar i andre fag, så er det mykje sjølvstyr.
- Men det er jo det me lærer av, påpeikar Hallgeir og ventar på meir fersk fisk frå fiskarane.

Frå fjord til bord
For det er slik kvardagen på Rygjabø er, etter at Fiskerifagleg Senter stod ferdig. Fiske- og Fangstelevane er ute med sjarken ”Rygjabas” og fiskar. Eller så hentar akvaelevane opp steinbit, torsk, aure, laks og snart piggvar i akvahallen.

Fisken går via mottak, blir slakta, sløya, filetert og kanskje røykt. Og så i disken i fiskebutikken. To utdanningar med to fellesnemnarar: Sjø og fisk.
- Me er stolte over det me har fått til, smiler rektor Magnus Mathisen.
- Det er ekstra kjekt når det er kø i butikken, understrekar lærling Hallgeir Lindland.
- Mange kameratar misunner meg for at eg får gå på denne skulen, fortel akvaelev Mattis Tangeraas.
Så lenge det då finst fisk er det håp om liv i Rygjabø.
Fakta:
Rygjabø vidaregåande skole på Finnøy.
- 101 år gammal skule. Mest kjend som husmorskulen frå 1930-1976.
- Har utdanna 2.300 kvinnelege husmødre og ein mann (Torolf Nordbø, Han Innante).
- Etter kvart helse og sosialutdanning og husstell. Internatskule fram til 1986.
- I 1986 starta dei første elevane innan akvakultur.
- Akvakultur, reiseliv, hotell- og næring og helse- og sosial utover 90-talet.
- Jamleg trua av nedlegging. Siste gong i 1999. Då blei all fiskeriutdanning i Rogaland samla på Finnøy.
- I dag har skulen to grunnkurs: Hotell- og næringsmiddelfag (HN) og Naturbruk. HN-elevane kan gå vidare på VK1 Kokk og VK1 Matfag. I matfaget er det også eiga utdanning for fiskehandlarar. Etter Naturbruk kan elevane gå VK 1 Akva eller VK1 Fiske og Fangst.
- Skulen har eigen fiskebutikk, som er open fire dagar i veka. Sjarken ”Rygjabas” blir driven i praktisk undervisning.
- Skulen har eigen konsesjon for oppdrettslaks.
- Fiskerifagleg Senter blei opna i mai 2003. Her er fiskemottak, eigen slaktelinje, produksjonshall for filetering, røykeri, fiskebutikk, akvarom (oppdrettsanlegg i mini-skala) og forskingsavdeling. Senteret er høgteknologisk, tilrettelagt for videokonferansar, trådlaust internettilkopling og auditorium.
- Fiskemottaket er eit kommersielt mottak, ikkje minst til stor glede for lokale fiskarar.
- Neste år skal BI inn i Fikserifagleg Senter med Høgskuleutdanning innan Havbruk.
- Rygjabø driv eigne studiesenter i Stavanger og Haugesund i samarbeid med Rogaland Kurs- og Kompetansesenter (RKK). Sentra tilbyr vaksenopplæring og har til ei kvar tid mellom 600 til 800 studentar. 27 personar er tilsett ved Rygjabø avd. Stavanger/Haugesund.









