Boktunet Bondebladet Lev Landlig Nationen Naturbruk Norsk Landbruk Traktor Tuntorget

Røktar for 300.000 husdyr

Cato Ormehaug gjekk to år på Fusa vidaregåande skule - eitt år på grunnkurs i naturbruk og deretter eitt år på akvakultur. Etterpå var det to års lære hos EWOS Innovation - før Cato gjekk opp til fagprøven i akvakultur og mottok fagbrevet.

Som røktar er det Cato si oppgåve å syta for dagleg fôring av fisken. Store delar av dagen er han ute på ein fôrflåte med tilhøyrande mærdar. Frå fôringsflåten skjer fôringa automatisk, ved at fôret blåsast ut til mærdane gjennom slangar.

No har Cato jobba fire år ved EWOS Innovation AS sin forskingsstasjon på Lønningdal i Os kommune i Hordaland. Deira oppgåve er utvikling av fôr til laks, aure og marine artar.

- Fiske har vore mi store interesse frå barnsbein av. Eg har alltid likt å arbeida ute, og visste difor godt kva eg skulle søkja på då tida var inne. Det måtte bli naturbrukslinja, seier Cato Ormehaug frå Os.

No har Cato jobba fire år ved EWOS Innovation AS sin forskingsstasjon på Lønningdal i Os kommune i Hordaland. Deira oppgåve er utvikling av fôr til laks, aure og marine artar.

EWOS Innovation AS har to forskingsstasjonar. Den andre ligg i Dirdal i Gjesdal kommune i Rogaland.

Ved EWOS Innovation sine forskingsstasjonar blir ulike typar råvarer og diettar testa på ulike grupper fisk. I testane har ein fokus på fiskehelse, kvalitet og tilvekst for fisken.

- Det gjeld å finna ut kor mykje fôr av dei forskjellige slaga som må til for å gje eitt kilo med kvalitetsfisk. Jo mindre fôr ein oppdrettar må bruka for å få fram eitt kilo fisk, jo betre økonomi blir det, seier Cato.

Han påpeikar òg at fiskehelse og fiskekvalitet er viktige måleparameter for å oppnå eit godt økonomisk resultat.

- Av den grunn må ein heile tida ha fokus på å gjera forbetringar for å få ei optimal utnytting av det fôret som fisken tek til seg.

Fôring og lusteljing

Som røktar er det Cato si oppgåve å syta for dagleg fôring av fisken. Store delar av dagen er han ute på ein fôrflåte med tilhøyrande mærdar. Frå fôringsflåten skjer fôringa automatisk, ved at fôret blåsast ut til mærdane gjennom slangar.

Andre oppgåver er å telja lus og føreta snittvekter. Dessutan skifta nøter og utføra vedlikehaldsarbeid på anlegget. Registrering av død fisk og fylgja eventuelle sjukdomsutbrot står òg på programmet.

Fin utdanning

Cato gjekk to år på Fusa vidaregåande skule - eitt år på grunnkurs i naturbruk og deretter eitt år på akvakultur. Etterpå var det to års lære hos EWOS Innovation - før Cato gjekk opp til fagprøven i akvakultur og mottok fagbrevet.

Han er oppvaksen ved sjøen i Os og sette tidleg garn og trekte liner i lag med broren, som jobbar i same bransje.

- Eg visste difor godt kva eg skulle søkja på etter ungdomsskulen. Det måtte bli naturbruk på Fusa vidaregåande skule. Dette er ei kjempefin utdanning for den som likar å jobba ute med praktiske ting, slår Cato fast.

Men, legg han til, det er òg viktig i denne bransjen å kunna ta initiativ til å få ting gjort, for mange praktiske oppgåver må løysast på plassen.

På naturbrukslinja er det også ein god del praksis, fortel Cato vidare. I den samanheng var han sjølv utplassert her ved EWOS Innovation på Lønningdal.

- Vi fekk dessutan vera med på jord- og skogbruk, og fekk dermed innblikk også i desse næringane. Så eg har vore med både i tømmerskogen og i husdyrfjøs.

I det andre året var det òg utplassering - då to veker i strekk med jamne mellomrom, der Cato var på havbruksstasjonen på Matre, og på Austevoll Fiskeindustri.

- Då fekk eg òg erfaring med andre fiskeartar som hummar, steinbit og kveite, seier Cato Ormehaug - som er røktar for 300.000 husdyr. Og då seier det seg sjølv at han ikkje kan ha namn på dei!

Møre og Romsdal Sogn og fjordane Hordaland Rogaland Vest Agder Aust Agder Telemark Buskerud Oppland Vestfold Østfold Oslo Akershus Hedmark Sør Trøndelag Finnmark Troms Nordland Nord Trøndelag