Livet er fisk
- Fisk og marinbiologi har vore mi store interesse sidan barndomen, seier Fredrik Lihaug, som er produksjonsarbeidar og arbeidsformann på slakteriet Bolaks AS.
Livet er fisk
Ådne Aadnesen
Bolaks er ei bedrift som driv med alt innafor området laks - så som rognproduksjon, utsetting og oppdrett av settefisk, produksjon av matfisk, slakting av fisk - og endeleg eksport av produkta til utlandet.
Bedrifta har omkring 50 tilsette og held til på Lammaneset i Fusa kommune i Hordaland.
Her har Fredrik Lihaug jobba i fire år. Tidlegare arbeidde han i Hjelleviken Fisk, eit oppdrettsfirma som vart kjøpt opp av Bolaks. Dermed følgde Fredrik med på lasset.
- Eg har bestandig visst at det var denne vegen eg ynskte å gå i yrkeslivet. Fisk og marinbiologi har vore den store interessa sidan barndomen, seier Fredrik Lihaug.
Etter grunnskulen bar det til Fiskarfagskulen i Austevoll, der Fredrik tok eittårig grunnkurs i fiskeindustri og oppdrettsbasert produksjon. Deretter reiste han til Fusa vidaregåande skule, for å gjennomføra to års utdanning i akvakultur.
Ideelt val
- Eg likte meg veldig godt både på Austevoll og Fusa. Det var ei givande tid, der eg lærte enormt mykje. For den som likar å jobba med praktiske gjeremål og vera ute i frisk luft - ikkje berre slita med teori heile veka gjennom på skulen - bør ei utdanning innafor akvakultur vera eit ideelt val, held Fredrik Lihaug fram.
- Gjennom året på Fiskarfagskulen jobba vi to dagar i veka ved Austevoll Fiskeindustri. Og i det fyrste året av akvakulturutdanninga på Fusa, hadde vi totalt tre veker der vi reiste rundt til ulike anlegg og jobba praktisk med matfisk. Andre året auka dette til fire veker.
Sjølv var Fredrik Lihaug i tre av desse vekene på Kyrksæterøra, på verdas største avlsstasjon for laks og aure. Her lærte han mellom anna om stryking, om rognproduksjon og avl.
Involvert i det meste
I det daglege virket er Fredrik Lihaug involvert i det meste som skjer i Bolaks.
Smolten vert kjøpt av Sævareid Fiskeanlegg, der Bolaks AS er medeigar. Når fisken skal slaktast, vert den frakta i brønnbåt frå mærene og inn til anlegget på Lammaneset, for i sin tur å verta lossa i tre forskjellige ventebur før slakting.
Mesteparten av laksen vert i dag slakta med sløyemaskin. Dersom fisken ikkje har standard storleik i tråd med kva sløyemaskinen krev, så må den slaktast for hand.
Ikkje minst tek pakking av fersk og frosen fisk mykje tid. Som arbeidsformann må Fredrik tilretteleggja fiskemengd per dag ut frå ordrar, og passa på at rett fisk kjem i rett kasse og til rett mottakar.
Bolaks produserer omkring 6000 tonn laks per år, som vert eksportert til store delar av Europa og til USA og Japan.
- Eg likte meg veldig godt både på Fiskarfagskulen i Austevoll og på Fusa vidaregåande skule. Det var ei givande tid, seier Fredrik Lihaug.
Bolaks produserer omkring 6000 tonn laks per år, som vert eksportert til store delar av Europa og til USA og Japan, seier Fredrik Lihaug.
Bolaks set veldig mykje inn på kvalitet og utsjånad på fisken.
- Eg har bestandig visst at det var denne vegen eg ynskte å gå i yrkeslivet. Fisk og marinbiologi har vore den store interessa mi sidan barndomen, seier Fredrik Lihaug.
Best Bolaks Quality.
Bolaks er ei bedrift som driv med alt innafor området laks - så som rognproduksjon, utsetting og oppdrett av settefisk, produksjon av matfisk, slakting av fisk - og endeleg eksport av produkta til utlandet.








