Det kjekkaste skuleåret
Sven Bjarne Solberg har gått på Vinterlandbruksskulen på Jæren, som er ein sjølveigande stiftelse. Denne skulen er oppsøkjande, og flyttar mellom kommunane på Jæren og i Dalane. Av Ådne Aadnesen

- Vinterlandbruksskulen er såleis på forskjellig plass frå sesong til sesong. Eg gjekk der då skulen var i Bjerkreim for ein del år tilbake. Det passa godt, for då var skulen i heimbygda mi, seier Sven Bjarne Solberg (27).
Vinterlandbruksskulen på Jæren er eigd i fellesskap av kommunane Stavanger, Sola, Sandnes, Gjesdal, Bjerkreim, Klepp, Time, Hå, Eigersund, Sokndal, Lund og Sirdal.
Skulen tilbyr 1-årig komprimert agronomkurs, spesielt organisert for vaksne ungdomar. Vinterlandbruksskulen har ei viktig oppgåve i å nå fram til dei innan landbruksnæringa som elles vanskeleg kan få landbruksutdanning. Difor tilbyr skulen undervisning på kveldstid og laurdagar.
Offentleg godkjende læreplanar ligg til grunn for opplæringa ved skulen. Frå komande haust har Vinterlandbruksskulen på Jæren godkjenning for å driva komprimert kurs basert på Vg 2 landbruk og gartnerinæring og godkjende læreplanar for Vg 3 Naturbruk.
Elevpraksis blir gjennomført på gardsbruk i området og på heimegarden til dei enkelte elevane. Dessutan har fagturar ein stor plass i opplæringa.
Bonde med ku, sau og gris
- Vinterlandbruksskulen passa godt for meg, og er utan tvil det kjekkaste skuleåret eg har hatt. Motiverte lærarar og medelevar, og ein god kombinasjon av teori og praksis, gjorde det svært interessant og triveleg, slår Sven Bjarne Solberg fast.
Sven Bjarne er bonde i Bjerkreim i Rogaland. Han tok formelt over garden heime på Solberg frå 1. januar 2008, men har drive i lag med foreldra i fleire år allereie. Mjølkekvoten på garden er på 105.000 liter. I tillegg har Sven Bjarne sau og gris.
- Sjølv om eg hadde lært ein god del heime, kan det alltid vera greit å få ny kunnskap og impulsar utanfrå. Eg hadde høyrt mykje positivt om Vinterlandbruksskulen. Den er lagt opp slik at folk kan driva gard attåt undervisninga, og dermed kan me kombinera teori og praksis på ein gunstig måte. At skulen samstundes befinn seg i heimbygda, gjer det òg enklare for den som har gardsbruk å skjøtta, seier Sven Bjarne.
Framtidstru
- På skulen var det mange trivelege medstudentar, der fleire hadde god erfaring å dela med seg. Me fekk høve til å diskutera og læra av kvarandre, noko som mange gonger er vel så nyttig som transparentshow. Ein del av opptakskrava var at me hadde minimum eit halvt års relevant praksis å visa til. Dette gjorde nok at få var ute etter skulen meir som ein opphaldsplass, held Sven Bjarne Solberg fram.
Takka vera Vinterlandbruksskulen på Jæren, har Sven Bjarne fått eit breitt fagleg grunnlag og ei god innføring i agronomi.
- Skulen har utan tvil medverka til auka interesse for og trua på ei framtid i jordbruket. Dette gjeld mange fleire enn meg, slår Sven Bjarne fast.
- Skulen er òg med på å skapa nettverk for ettertida, med gode kontaktar og kollegaer til å drøfta faglege problemstillingar i lag med.
I virket som bonde har Sven Bjarne Solberg i høgaste grad nytte av utdanninga si frå Vinterlandbrukskulen: - Ingen gardsbruk er identiske, slik at kvar må driva ut frå eigne føresetnader og ikkje sjå seg blind på kva andre gjer. Du kan ikkje rekna med at alt det andre gjer, vil passa rett inn hjå deg sjølv. Skulen la stor vekt på å sjå moglegheitene, sjølv om dei ikkje la skjul på avgrensingane.
Etter regn kjem sol
Sven Bjarne Solberg har god tru på framtida som bonde i distrikts-Norge. Dette gjeld generelt blant bondeungdomen i Bjerkreim, der fleire nyleg har teke over heimegardane - eller vil ta over når tida er inne.
- Det er ikkje mange gardar som går ut av familien her i Bjerkreim, nei, seier Sven Bjarne.
- Det er bondeyrket eg vil bruka livet mitt på. Og kvifor skulle eg driva med noko eg ikkje har tru på? Etter regn kjem sol, påpeikar Sven Bjarne Solberg.
- Det er viktig at foreldra oppmuntrar den yngre generasjon, og trekkjer fram alt det positive ved å vera bonde. Sjølv har eg aldri høyrt noko negativt rundt kjøkkenbordet heime, og det har nok verka inn når det gjeld lysten til å bli bonde.
Satsa på familiebruk
- Men, held Sven Bjarne fram, - det stadig veksande byråkratiet er med og legg ein dempar på verksemda vår. I byråkratiet blir det lagt ned store mengder lite verdiskapande arbeid.
- Likeeins med dei økonomiske rammevilkåra; det krevst at ein stadig skal bli større og større. Dette fører til at dei små bruka forsvinn, og til sist blir sjølv store gardar ståande att som dei små. Dersom ein skal oppretthalda den sjølvforsyningsgrada me har i dag, så held tida på å renna ut. Då må det satsast på dei typiske familiebruka, og ikkje på samdrifter som skummar fløyten frå gardsbruk som er bygde opp gjennom generasjonar, seier Sven Bjarne Solberg.
- På den andre sida er me jo sjølvstendig næringsdrivande og ikkje lønsmottakarar, så me er òg nøydde til å ta høgde for økonomisk risiko og tronge tider. Då er det ein viss økonomisk tryggleik i ei utdanning innafor næringa, slik at ein til dømes ikkje føretek forhasta og lite gjennomtenkte investeringar.








