Åsmund satsar på Bygdeservice



Åsmund Hoslemo gjennomførte 3-årig agronomutdanning ved KVS-Lyngdal. I dag driv 28-årige Åsmund si eiga bedrift Bygdeservice heime i Bykle i Setesdal. Av Ådne Aadnesen
Bygdeservice famnar vidt når det gjeld tenester som kan utførast. Linjerydding, brøyting, graving, landskapspleie, trefelling, skutertransport, måling, beising, skifting av takrenner og kledning, oppsetting av skigard og ymse utvendig vedlikehald, er døme på oppgåver som bedrifta Bygdeservice Åsmund Hoslemo tek på seg.
- Så ring oss gjerne; me kan det meste, seier Åsmund.
Åsmund Hoslemo gjekk tre år på KVS-Lyngdal. Han gjennomførte både grunnkurset, VK I og VK II, og fekk såleis agronomutdanning.
Etterpå investerte Åsmund i forskjellig utstyr, og starta som sjølvstendig næringsdrivande for utleige av seg sjølv til forskjellig arbeid.
Dette var i 2002. Eit par år seinare dukka det opp ein mann frå Agder Energi som var ute og inspiserte kraftlinja her i Setesdal. - Eg møtte han i kraftgata, og fekk høyre at det trongst rydding der. Slik begynte eg med linjerydding, men då var det ikkje lenger tilstrekkjeleg med éin mann, fortel Åsmund Hoslemo.
Etter at han fekk jobben med linjerydding for Agder Energi, var grunnlaget lagt for meir folk i arbeid og fleire og større oppdrag.
Sommarjobb til mange
I dag er det to fast tilsette i Bygdeservice. I tillegg brukar Åsmund mykje skuleungdom og studentar som ekstrahjelp om sommaren. Til vanleg brukar han å ha ti personar i arbeid, men dei har òg vore fleire.
Bygdeservice nyttar seg av den unge lokale arbeidskrafta.
- Me har ein svært allsidig arbeidsstokk, som har gode lokalkunnskapar og godt humør, slår Åsmund fast.
Det er tøff jobbing som ventar folka som får jobb i firmaet hans. Du må vere i god fysisk form, tåle ein uværsdag og kunna bruke sunn fornuft under behandlinga av motorsaga i ulendt terreng.
- Men det viktigaste er at dei kan stå på og vere ansvarsbevisste, seier Åsmund.
Vedlikehald
Dette er femte året at Bygdeservice Åsmund Hoslemo er i verksemd med linjerydding for Agder Energi. Fyrst skulle kraftgata utvidast, og så var det felling av tre og rydding som sto på programmet. Det er klare reglar for kor mykje som må vere rydda på begge sider av kraftlinjene.
Deretter er det vedlikehaldsrydding. Etter at ei kraftlinje på 5 mil er ferdig reinska opp, så har det sjølvsagt begynt å vekse igjen der dei var i starten. Slikt arbeid er dermed ein evig rundgang, og pågår heile året, seier Åsmund.
Agder Energi brukar bedrifta hans også til andre oppgåver, som til dømes å leggja ned vatnstandsmål og issikring.
Om vinteren utfører Bygdeservice også vanleg tømmerdrift, og rydding rundt lågspentlinjer som ligg nær busetnaden.
Vidare har Åsmund brøytekontrakt med Bykle kommune og med bedrifter i bygda.
Vedsal
Attåt dette driv Åsmund Hoslemo Hovden Ved AS i lag med Pål Georg Ryningen. Bedrifta produserer ved for sal i Øvre Setesdal. Dette er norsk bjørkeved som blir kjøpt av skogeigarar i Aust-Agder og Telemark.
- Me produserer i 40-literssekker og storsekker, og leiger inn folk til å pakke i småsekkane, seier Åsmund.
I fjor hadde bedrifta 350 mål ferdig produsert ved. - Me har no fått førespurnad om å reinrydde 100.000 kvadratmeter med skog, men det er ikkje enkelt alltid å få tak i folk.
Skal overta slektsgarden
Åsmund Hoslemo skal overta slektsgarden Austistog i Bykle. Han føler ansvar for å ta i bruk dei ressursane som bruket gir.
- Eg skal i alle fall ikkje bli den fyrste til å la garden og kulturlandskapet gro att, slår Åsmund fast. Eit lite bruk med 50 vinterfôra sau i Setesdal er imidlertid ikkje nok til å leve av åleine. Åsmund er open for utviding av saueflokken, og har også begynt å tenkje på skotsk høglandsfe som er gode beitepussarar og kan gå mykje ute.
Åsmund likte seg veldig godt på jordbruksskulen i Lyngdal, seier han.
Dette er ein internatskule, og det gjer tida på skulen ekstra sosial. Du får gode vener og kan knyte kontaktar for livet, slår Åsmund Hoslemo fast til slutt.








